Suksess med o-løp midt i bygda!
Postet av Norges Orienteringsforbund den 28. Aug 2025
Nær 50 o-løparar i alderen frå knapt 10 til over 80 år stilte til start då Sveio O-lag skipa til nærløp tysdag 26. august.
Over: Irinja Almås frå Stord IL spring inn til siger i den lengste løypa. Emily Almås, også frå Stord IL, kjem like bak på biletet. Ho vann jenteklassa i mellomløypa.
Nær 50 o-løparar i alderen frå knapt 10 til over 80 år stilte til start då Sveio O-lag skipa til nærløp tysdag 26. august for o-klubbane i Sunnhordland og Haugalandet.
Samlingsplass var lagt til den idylliske strandparken midt i Førde i Hordaland og postane var plasserte midt i bygda med nokre svingar ut i terrenget for dei to lengste løypene. Lettskya mildt ver skapte ideelle føresetnader for eit vellukka arrangement.
Thomas Førde og Kjetil Fiskå hadde laga fire ulike løyper. Dei nytta eit kart som blei teikna i 2022 etter sprintnormen.
Vegard Havrevoll frå arrangørklubben Sveio O-lag var best i den lengste løypa blant dei mannlege deltakarane, medan Irinja Almås var best blant damene.
Kart og resultatlister finn du i Eventor
https://eventor.orientering.no/Events/Show/22412
eller på facebook; Facebook
Vegard Havrevoll frå Sveio OL (t.h), vinnaren i den lengste løypa, diskuterer vegval saman med Fridtjof Rachnor frå Haugesund IL
Stein Jarle Helgeland frå Haugesund IL (t.v.) var raskast i mellomløypa. Her drøftar han vegval saman med Ivar Kvale, også frå Haugesund IL. I midten set tidtakar Kjetil Fiskå frå arrangørklubben Sveio OL. Ståande til høgre; Øyvind Skålevik frå Fitjar IL.
Sjur Staveland og Kristi Staveland Sæter representerte begge Bremnes IL.
Frå venstre: Ellen Kvala, Johanna Sætre Færevåg og Kjetil Fiskå.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.