Rekordmange på Nordhordlandskarusell i orientering

Postet av Norges Orienteringsforbund den 16. Mai 2025

Over 20 varmegrader, strålande sol, flotte løyper, ferske vaflar og saft i koppen ga gode rammer for denne ukes løp!

Over og under: God stemning, solbriller og fint vær på løp i Nordhordland.


Heile 62 deltakarar stilte til start då Eikanger IL arrangerte orienteringsløp på Ostereidet 12. mai.

Med over 20 varmegrader, strålande sol, flotte løyper, ferske vaflar og saft i koppen vart det eit særs triveleg arrangement.

Det vart mange smil til fotografen i løypa – og slett ikkje alle hadde det så travelt. Ekstra kjekt var det å sjå mange lokale debutantar.

Håpet er at fleire kan få auga opp for denne flotte sporten.

Orientering er ein inkluderande familieidrett der både store og små kan finne vegen – saman eller åleine, med eller utan stoppeklokke.

Over 20 born stilte til start, og fleire av dei valde til og med bort fotballtrening for å vere med.

I dameklassen vart det sekundstrid om sigeren i mellomløypa. Stine Eikefet sneik seg 11 sekund føre Linda Aslesen og Elin Hindenes.

I den lengste dameløypa hadde Hilde Langeland og Astrid Myklebust etter eiga utsegn «full kontroll», og sigra drøye to minutt føre Stina Olandersson frå Varegg.

I herreklassen gjekk det raskt unna i langløypa. Sivert Bøllingmo frå trønderklubben OL Gaula vann suverent på sterke 28.48 i den 3,2 km lange løypa.

Leonardo Menchi frå eksotiske Toscana i Italia likte seg godt på Ostereidet – men måtte sjå seg grundig slått av Atle Austrheim frå meir trauste Knarvik.

Austrheim gjorde årsbeste og sprang inn til ein flott tredjeplass bak Knut Kyrkjebø som tok sølvet.

 Tusen takk til alle frammøte og vel møtt til neste orienteringsløp på Frekhaug, mandag 19. mai kl 17.30-18.30


Se langløypen nedenfor.


Lang (2).pdf




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.