Rekorddeltaking på o-samling i Kaupanger!

12.09.2017 Norges Orienteringsforbund

Fleire tiår sidan sist så mange ungdom og born var samla i Sogn og Fjordane for å lære seg å finne fram.

 

Fredag 8. og laurdag 9. september var 19 ungdommar og 27 born frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord samla i Kaupanger for å delta på ungdomssamling og orienteringsleir i regi av orienteringsgruppa i  Sogndal IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins. Deltakarane var i alderen 8-18 år. Aktivitetane var lagt til områda ved Kaupanger skule og Kaupanger idrettsplass.

På programmet stod mellom anna skumringsløp, lagkamp med orienteringsmoment og andre oppgåver, orienteringsleikar og basistrening. Samlinga vart avslutta laurdag ettermiddag med KM sprint.

Dei to samlingane passa for alle då det var leiarar og trenarar til oppfølging for alle ulike ferdigheitsnivå. Hovudansvarlege var Jorunn Kristin Aa Albretsen  og Anna-Karin Clarin frå Sogndal IL orienteringsgruppa.

Her er dei fleste samla ved Kaupanger idrettsplass.

 

unnamed file

 

Fotograf: Jorunn Kristin Aa Albretsen

 

 

unnamed file unnamed file

 

Stafett med oppgåver.                                 Basistrening.

Fotograf: Jorunn Kristin Aa Albretsen

 

unnamed file

 

Trening på kartforståing

Fotograf: Johan Magerøy

Resultatlista frå KM Sprint i Sogn og Fjordane finn de på http://eventor.orientering.no/Events .