Fullklaff for o-løp i Sveio!

Ideelt vær og vegetasjon framleis i vinterdvale ga perfekt forutsetning.
Full fart frå start!
Klar til start.
Veret var ideelt for orientering under Sveio O-lags kretsløp i mellomdistanseorientering i Auklandshamn lørdag 28. april.
Litt kjøleg i lufta, men sola varmte og ute i terrenget var alt gras og småkratt framleis i sovande modus etter vinterdvalen slik at det blei lett å ta seg fram.
Kartet over terrenget rundt Auklandshamn skule blei laga til Vestlandsmeisterskapet i 2004 og er seinare blitt oppdatert noko.
Terrenget er variet skogsterreng, med innslag av skråliar i dei to lengste A-løypene og elles småkupert med innslag av myr. Stirikt område nær mål og i terrenget kor dei kortaste løypene var lagt.
Idyllisk og velfungerande samlingsplass ved Auklanshamn skule blei ein flott arena for store og små o-løparar i eit godt tilrettelagt og effektivt gjennomført arrangement.
(fortsetter under bildet)
Gode diskusjonar.
116 løparar fullførte i dei sju lengste løyoene, medan sju småtroll gjennomførte den åttande og kortaste løypa ved samlingsolass.
(fortsetter under bildet)
Flott samlingsplass!
Kretsløpet tel med i ranking for Rogaland. Thomas Førde og Kjetil Fiskå hadde ansvaret for løypene, som fekk mykje ros frå deltakarane.