Terminliste 2019

09.04.2019 Norges Orienteringsforbund

Sjå planane for sesongen som kjem - no oppdatert primo april.

 

No er Terminlista for 2019 ajour.

Etter innspel er det gjort følgjande vesentlege endringar i terminlista:

  • KM Mellom og KM Sprint i Stryn har byta dag (innbyrdes), men går framleis 27. og 28. april.
  • Det er lagt inn ein ungdomscup som omfattar desse 4 løpa:  KM Sprint, Sunnfjordorienteringa, DM Mellom og KM Lang.

Cupen gjeld for ungdom til og med 20 år, i klassane D/H 13-14, D/H 15-16, D/H 17-20.

Ved KM Lang i Naustdal 15. september blir det jaktstart basert på tidsdifferansen etter dei tre første løpa, utrekna etter følgjande formel:

(Tida ved KM Sprint x 2) + (Tida ved Sunnfjordorienteringa) + (Tida ved DM Mellom) = tidsdifferanse ved jaktstart.

 

Fint om lagleiarane sikrar at denne informasjonen når fram til ungdommane.


Denne er no sendt ut til laga.
 

Du kan sjå termilista: her