Mange flotte prestasjonar!

03.09.2019 Norges Orienteringsforbund

Løparar frå Sogn og Fjordane henta heim 8 titlar under Vestlandsmeisterskapen.

 

Det var fin stemning på arenaen. Midt i biletet er Sveinung Fristad like før han gjekk til start i løpet der han vart Vestlandsmeister i klasse H 80.

 

31. august og 1. september arrangerte o-gruppa i Sogndal IL vestlandsmeisterskapen/ distriktsmeisterskapen (DM) i orientering på Kaupanger.

Løparar frå Sogn og Fjordane stod for mange flotte prestasjonar dei to dagane. I konkurranse med løparar frå Hordaland og Rogaland henta «våre» løparar heim 4 titlar («Vestlandsmeister») kvar av dei to dagane.


Les heile rapporten: her