Fornyar sponsoravtalen med Sogn og Fjordane Energi AS

07.03.2020 Norges Orienteringsforbund

Blir hovudsamarbeidspartnar også i 2020.

 

 

Det er gledeleg å kunne melde at Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) har fornya sponsoravtalen med o-krinsen for eit nytt år.


SFE blir med det vår hovudsamarbeidspartnar og gode støtte også i 2020. O-krinsen sitt bidrag er mellom anna å profilere SFE gjennom bruk av deira beachflagg og banner på krinsløpa og på samlingar i regi av krinsen.

 

Vi takkar for tilliten og støtta og ser fram til ein ny fin sesong i samarbeid med SFE! 


Med helsing styret i SFOK