Vestlandsmeisterskap i Jølster

04.09.2023 Torgeir Strand

Vestlandsmeisterskapen 2023 blei arrangert av Førde IL i Jølster i Sunnfjord 26. - 27. august, med langdistanse laurdag og mellomdistanse søndag. 

I overkant av 150 løparar stilte til start, 3 stk. frå Haugesund IL Orientering i Rogaland, ca. 90 stk. frå Hordaland, og resten frå arrangørkrinsen Sogn og Fjordane.

Alle resultat frå laurdagens langdistanse finn du her (, og klikkar du vidare på "Arrangementsinformasjon", finn du ytterlegare informasjon frå/om arrangementet).

Alle resultat frå søndagens mellomdistanse finn du her.

Desse vann sine meisterskapsklasser både laurdag og søndag:
D21-: Charlotte Watson, Varegg Fleridrett
H21-: Slava Mukhidinov, Varegg Fleridrett
D19-20: Anja Hole, Førde IL
H19-20: Andreas Severin Brattebø, Os OK
D17-18: Tonje Rykkje, Varegg Fleridrett
D15-16: Tiril Hausberg Kåstad, Fana IL
D13-14: Kari S. Markussen, Varegg Fleridrett
H13-14: Filip Sveen, Haugesund IL
D50-: Randi Hole, Bergens TF
H50-: Per Arne Aadland, Samnanger IL
D70-: Bjørg Kocbach, Bergens TF
H70-: Torodd Os, Førde IL
D80-: Brita Eilertsen Grønli, Førde IL

På biletet øvst i artikkelen finn du medaljetrioen frå H15-16. Kristoffer frå Fana IL tok sølv begge dagar, medan Sverre og Håvard frå Varegg Fleridrett fekk kvar sin gullmedalje og kvar sin bronsemedalje.