Kompetansehelg 18.-19.november - deltakarstønad frå HOK

20.09.2017 Torgeir Strand

Helga 18.-19.november arrangerar NOF kompetansehelg på Gardermoen.

Detaljinfo om alle alternative tilbod under kompetansehelga 18.-19.november på Gardermoen, med lenke til påmelding m.m., finn du her.

Det er mange gode tilbod å velje mellom, og vi oppfordrar til stor deltaking frå klubbane i kretsen. Påmeldingsfristen er forlenga til 30.oktober.

Stønad til deltakarar frå 25 år og oppover:
Kretsen gir reisestønad med kr. 350,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 18. og 19.november vil altså utløyse kr. 700,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 350,- i stønad til klubben.

Stønad til deltakarar opp til og med 24 år:
Kretsen gir reisestønad med kr. 500,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 18. og 19.november vil altså utløyse kr. 1.000,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 500,- i stønad til klubben. 

Utbetaling av stønad
Utbetaling av stønad vil skje på etterskot direkte til klubbane, basert på faktiske deltakarlister.