Du er no på den gamle heimesida til orienteringskrinsen

Sogn og Fjordane Orienteringskrins sine nye heimesider finn du her ,

den gamle sida vil snart bli teken vekk.

(04.05.2011)

KM sprint i Gaupne sentrum onsdag 11 mai

Hafslo IL er no klar med kart og løyper til KM-sprint. Løpet går på nytt kart over Gaupne sentrum. På ettermiddagen vil det bli stor aktivitet i nybegynnarløypa med mange inviterte barn frå nærområdet. Konkurranseklassane startar kl. 19.00. Du finn innbydinga her. (13.04.2011)

O-samlingar med innlagt grunnkurs trener

Orienteringskrinsen har no gjennomført begge dei 2 samlingane med innlagt grunnkurs trener. Det var relativt god deltaking ( hhv 15 og 24 deltakarar) og no gjenstår det å prøve ut teorien i praksis rundt om i dei ulike klubbane.  På bildet under ser vi Elias Bergset, Oda Eide og Thea Bergset under stjerneorienteringa.

(09.03.2011)

Les mer

Deltakarpremieringa 2010 er klar

Sogn og Fjordane o-krins deler etter kvar sesong ut ein deltakarpremie til dei som deltek på eit visst antal krinsløp. I 2010 var det 8 krinsløp i SF, og kravet til å få tildelt krus med logo var deltaking i 4 løp. 16 løparar greidde kravet, fleire stoppa på 3 løp. Sjå om du har greidd kravet her.Vi satsar på utdeling av deltakarpremien på KM-sprint i Gaupne 11 mai. (12.01.2011)

Terminlista 2011

Terminlista for Sogn og Fjordane orienteringskrins startar med KM-natt fredag 25 mars. Det har ikkje lukkast o-krinsen å få nokon til å ta K-løp i april. Det vart gjort eit forsøk på å få til løp søndag 10 april., om nokon lag kan tenkje seg eit løp den dagen er det berre å melde seg til krinskontoret. April er ein mnd med store løp i Østfold, så det blir sikkert eindel som reiser til dei løpa.

Elles blir det 3 K-løp på onsdagar, KM-sprint på nytt kart i Gaupne med Hafslo IL som arrangør. Rotekoppen til Breimsbygda IL går ein onsdag og i slutten av august går Haustbløyta med Tambarskjelvar IL som arrangør.

Terminlista finn du her

(04.01.2011)

Ny webløsning for SF blir på nyåret

Norges Orienteringsforbund får ny webløsning 6 desember.For Sogn og Fjordane o-krins blir det ny webløsning på nyåret 2011. I mellomtida må vi nøye oss med dei eksisterande sidene. Som eit tilbakeblikk på 2010 kan du f.eks sjå videoen frå Fjord-O

(06.12.2010)

Gledeleg mange på kongledagen på Langeland 5.september

  I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Barnas Turlag arrangerte orienteringskrinsen orienteringsløp og andre aktivitetar frå  Langeland skisenter sundag 5.september. Les omtal på Sparebanken si heimeside her. Det var gledeleg mange som deltok, 285 barn vart registrerte og saman med dei vaksne vil vi tru at det var omlag 600 tilstades denne fine haustdagen.

(02.09.2010)

VM-sesong 2010

Les kva Andreas Magerøy skriv på gjestebloggen til Sparebanken Sogn og Fjordene. Utdrag:" I veldig mange situasjonar i livet er grunnleggande kartforståing veldig nyttig". Du finn bloggen her.

 

(30.06.2010)

Lær orientering på nett

Norges Orienteringsforbund har i samarbeid med Stein Turtumøygard fra Måren OK utarbeidet et interaktivt orienteringskurs. "Nett-orientering" er et introduksjonskurs i kart og kompass for nybegynnere i klubb, skole eller andre interesserte. Kurset tar for seg grunnleggende momenter som kartegn, farger, ledelinjer, holdepunkter osv. på en morsom og lekbetont måte.Du finner kurset her. (22.04.2009)

Norvald Ospehaug er autorisert til å produsere o-kart til K-løp også i 2010

Norvald Ospehaug er av  kartutvalget i Norges Orienteringsforbund autorisert til å produsere o-kart ved å bruke alternativ trykkemetode for orienteringskart. Autorisasjonen gjeld for mangfoldiggjering av o-kart til K-løp.

Norvald brukar laserskrivaren Samsung CLP 500. Metoden er ikkje egna for kart i målestokk 1: 15.000. Norvald Ospehaug er den einaste i Sogn og Fjordane med autorisasjon. Løpsarrangørar står fritt til å nytte kven dei vil av dei autoriserte, sjå lista over kven som er autorisert her.

(24.06.2010)
Produsert av:
n3sport